Ei spesiell oppleving

Når ein reiser langs denne vegen som syklist eller bilist, opplever du noko spesielt. Du blir sjølv ein del av den romantiske tidsepoken som fann mykje inspirasjon frå den eksakte naturen og fjella rundt deg. Gjennom synsopplevingar, lukter, lydar og intim nærleik til menneske og natur.

For over to hundre år sidan kom ei ny epoke og ny åndeleg retning i Europa. Denne retninga blei kalla for romantikken. I bygdene langs den romantiske vegen kan du møta den nasjonale eigenarten, det orginale og eksentriske, det som ligg i tåkehavet under himmelen, over fjordane og vikane. Og vi kan møta det gåtefulle, kjenna at kjensler og fantasi tar tak i oss og gir oss lengsel. Denne lengselen jagar tankane våre etter det som ikkje let seg fanga. Gir du deg tid langs denne vegen og opnar sansane dine, vil du erkjenna at det romantiske strekkjer seg mot det som er utanfor rekkjevidda vår, mot den tidlegaste barndommen, mot den eldste historia.

Fjorden og naturen

Dei milde pusta frå Atlanterhavet gjer sørsida av Lustrafjorden til eitt av det mest grøderike område me kan finne i heile landet. Sjøvegen frå havet og inn til Skjolden, ved enden av Noregs lengste fjord, er meir enn 200 km. Om sommaren skiftar fargen på fjorden mellom blått, grått og grønt. Ofte irrande grønt. Det er sola og lyset som fargar møtet mellom fjordvarmen og breslammet på den måten. Grøderikdommen møter du over alt langs den romantiske vegen. Her finn du edellauvskog som alm og ask. Under gullalderen for den norske fruktnæringa stod hagane fulle av eplesortar som Fuhr, Gravenstein, Torstein, Allington og James Grieve. Pærehagane var store og frodige med Grev Molkte, Keisarinner, Amanlis, Gråpærer, Dobbel Philip, Herzogin Else og Fremish Beauty. I ein periode på 1900-talet var tobakksdyrking ei viktig sidenæring i bygdene langs fjorden.

Den lange veghistoria

Vegen frå Skjolden og ut til Urnes og Kinsedal har ei lang historie. Den er utbygd i etappar. Først kom det veg mellom Kroken til Stokkenes. Den blei ferdig så tidleg som i 1912 og var på 2200 meter. Deretter blei det veg mellom Sørheim og Sande, ein etappe på 2766 meter og blei ferdig i 1931. Så låg vegutbygginga lenge nede, men etter krigen byrja ein på ny frisk: Stokkenes – Feigum, 1260 meter, ferdig i 1960, og vegen Feigum – Sørheim var ferdigstilt i 1965. Den lengste delen, Mordøla og inn til Skjolden som er på over seks kilometer – stod først klar i 1974. Til Ornes kom vegen i 1981, og i slutten av 1980-åra blei Ornes – Kinsedalen ferdig.

Skjolden

Skjolden var eitt av endepunkta for den store fjordtrafikken på Sognefjorden – som fungerte som ei viktig og eldgammal transportåre. Pilegrimane var dei første turistane, og det var hit dei kom på ferda si til Nidaros i Trondheim. Kyrkjene stod tett langs Lustrafjorden, og i dag finst heile 11 kyrkjer som består – i ein kommune med 5000 innbyggarar. Skjolden var ei typisk transitthamn eller ein omlastningsplass for varer og folk som kom over fjellet frå Gudbrandsdalen og skulle til Bergen. Det kunne vera eit yrande liv i Skjolden og det hende dølane kom med meir enn 150 hestar i eitt følgje over fjellet. Dei hadde med seg korn i gode år, og alltid skinn. I bygda kjøpte dei salt, sild og fisk – salt var spesielt viktig til konservering av kjøt og fisk.

I dag er Skjolden kjent som ei viktig reiselivsbygd som tilbyr mange attraksjonar og aktivitetar, og er ein naturleg innfallsport til heile 3 nasjonalparkar, Jotunheimen Nasjonalpark, Breheimen Nasjonalpark og Jostedalsbreen Nasjonalpark. Årleg kjem det cruiseskip til Skjolden for å oppleve den storslåtte naturen, og turistane nyter den autentiske atmosfæren bygda tilbyr. Skjolden er også der verdskjende filosofen Ludwig Wittgenstein bygde ei hytte der han skreiv sine mest kjende verk.

“I do believe that it was the right thing for me to come here, thank God. I can’t imagine that I could have worked anywhere as I do here. It’s the quiet and, perhaps, the wonderful scenary; I mean, its quiet seriousness.“
Brev frå Wittgenstein til Moore, oktober 1936

Sørheim

Sørheim var ein gammal adelsgard, heimen i sør, men er mest kjent som den ekte saftbygda i Norge. Kva skal me gjera med desse bæra, spurde Kari og Nils Lerum ein seinsommardag, truleg i 1907. Fruktbåten var reist, og to stampar med bringebær stod igjen på kaien. Bringebæra blei gjort om til saft, og dermed blei konserveringseventyret i gong. Alt i 1918 produserte dei 40 000 liter saft og 20 000 kilo syltetøy. Denne mengda saft og syltetøy gjorde transporten vanskeleg ettersom sjøisen om vinteren var problematisk. Dette førte til at verksemda blei flytta til Sogndal, og A/S N. H. Lerums Saftfabrikk blei stifta i Sogndal i 1919. Nils H. Lerum blei verande att i Luster som bonde. Det gav større prestisje i den tida. I dag er Lerum den største produsenten av saft og syltetøy i landet. Det som begynnte med to gjengløymte bringebærstampar enda opp som eit landskjent konsern. I dag står den restaurerte produksjonsbygningen og den gamle landhandelen igjen, og er om sommaren ein open kafè.

På Sørheim bur i dag ca. 10 personar, deriblant dei to unge brødrene Evjestad, som i lang tid var Noregs fremste talent innan langrenn. I dag driv dei kvar sin gard på Sørheim og tek vidare lange tradisjonar og gir liv i den romantiske og ein gong store bygda.

Feigum og Feigefossen

Feigefossen (også kalla Feigumfossen) er den største fossen i Luster og er ein populær turistattraksjon med sitt 218 meter høge fall. Feigeelva kjem frå andre sida av fjellet, innanfor Gruvefjellet, og renn gjennom mange små vatn. Feigefossen er freda og utmerkar seg som eit landemerke på grunn av sin høgd og vassmengd. Den stuper utfor fjellet og dannar bakgrunnen for ein hesteskoforma dal. Det er eit mektig møte med naturen å gå stien opp til foten av fossen, og tek berre ca. 30 minuttar. Vatnet blir skumma opp ved fallet, og det stig opp tjukke skyer. Dette gjer at fossen – på det største – gøymer seg bak eit slør av skodde. Utan stopp fell det regntung tåke ved foten av fossen, og er garantert ein kraftig oppleving om ein går heilt bort. Det er nok den skrekkblanda kjensla som fossens kraft gjev oss som også har sett namnet både på fossen, elva og gardane i området. Feig tyder at enden er nær, døden er nær.

Feigesagi

Feigesagi er namnet på den gamle mølla og sagbruket i Feigum. Sagbruket er frå 1700-talet og påbygd frå oppgangssag til vanleg vanndreven sirkelsag på 1900-talet. Sagbruket og den gamle industristaden har siste åra ved hjelp av privat pågangsmot og offentlege midlar blitt restaurert og omdanna til ein hyggeleg kafè om sommaren. Her kan besøkande få læra om korleis bruket blei drive på 1900-talet, og sitte ned og nyte fjordutsikta.

Kroken og Munthehuset

Bygda Kroken har busetnad som strekk seg tilbake til mellomalderen, men er mest kjent for Munthehuset som frå 1764 blei kjøpt av familien Munthe. Eigaren Gerhard Munthe var offiser, historikar og kartograf med stort nettverk, noko som skulle vise seg å vera viktig i den nasjonale historien. Garden blei ein møtestad for forskarar, geografar og ikkje minst Noregs fremste kunstmålarar i den nasjonalromantiske perioden. Gerhard Munthe gjorde Munthehuset ein møtestad for dei fremste kunstmålarane i den nasjonalromantiske perioden. Her vanka Johannes Flintoe, Joachim Frich. Her møttest Adolph Tidemann og Hans Gude for første gong. Johan C Dahl hadde Korken som base for fleire turar, mellom anna til Skjolden og Fortun. Turane  resulterte i ei rad fine blyantteikningar som seinare blei grunnlaget for fleire av målarstykka til meisteren. Det var også her i Ytre Kroken at Dahl møtte den unge Thomas Fearnley.

Ornes og Urnes stavkyrkje

Frå høgdedraget der Urnes stavkyrkje står, får ein eit godt utsyn både innover og utover fjorden. Her kunne all trafikk kontrollerast. Denne staden ligg særs strategisk til. Her står Urneskyrkja – eitt av dei mest verdifulle klenodia i heile Europa. Kyrkja er også den eldste bevarte stavkyrkja i Noreg. Kyrkjestaden har vore ein gamal kultstad, og det er funne runeinnskrift tilbake til 800-talet, før kristendommen kom til Noreg. Den noverande bygdningen går attende til omlag 1130, men det er brukt materiale frå ein endå eldre bygning med ornamentale utskjæringar. Utskjeringane er samansette av bandslynger og stilreine dyreformer – påverka av keltisk ornamentikk. Utskjæringane er eit vitnemål om det nære sambandet mellom keltisk og nordisk kultur.

Urnes stavkyrkje blei i 1979 innfelt i UNESCO si verdsarvliste, og er open om sommaren for guida omvisning.